Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Ta kaka




Redaktør/forfattar: Andersen, Oskar / Brunstad-Øyehaug, Heidi / Kongsvik, Åse / Støfringsdal, Kari

ISBN: 9788291722566

Utgitt: 2005 (4. opplag 2013)

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 224

Mål/vekt: 21x26 cm / 998 g

Facebook Twitter


Frå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. "Ta kaka" er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng.

"Ta kaka" er ei reise i tid og rom: vi ser på utviklinga frå dei første enkle bakverk i tidleg mellomalder og fram til dagens moderne kakekunst. Boka er òg ei reise på Vestlandet, frå Egersund i sør til Kristiansund i nord. Kaketradisjonar frå bygd og by er med, ikkje minst frå "kakehovudstaden" Bergen.

"Ta kaka" inneheld kring 200 oppskrifter frå heile Vestlandet og er rikt illustrert.

Lat deg inspirere av flotte bilete til spennande kakebakst!






Kr 368,00

Legg i handlekorg