Vis meny

Om forlaget



Forlaget har tre tilsette på heiltid. Frå venstre forlagsredaktør Liv Grimsbø, forleggjar Torkjell Djupedal og sals- og marknadsansvarleg Anne Britt Fedøy.

Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut omlag 220 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorsk- og sakprosaprofil.

- Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst. Vi legg stor vekt på at bøkene skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming, seier forleggjar Torkjell Djupedal.

Selja Forlag har kontor i Førde med eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 12-15 bøker kvart år. Mellom dei mest kjende titlane er "Opptur"-bøkene med flyfotograferte fotturar og "Fjordamat"-bøkene med vestlandsk tradisjonsmat.

Wikipedia om Selja Forlag
PROSA.no - Fagforleggeren


Torkjell Djupedal (f. 1957) har vore forfattar, forleggjar og dagleg leiar i Selja Forlag heilt sidan starten i 1996. Han budde mange stader i oppveksten, men reknar slektsrøtene frå Selje. Som utdanning har han cand.mag. i samfunnsfag frå Universitetet i Bergen og M.A.-grad i journalistikk frå University of Oregon, USA. Han har jobba som journalist i Gula Tidend, informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune og som radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane.


Anne Britt Fedøy (f. 1970) har vore sals- og marknadsansvarleg i Selja Forlag sidan 2009. Ho er frå Værlandet i Askvoll kommune. Som utdanning har ho Fagskolen for bok og papir, tysk grunnfag frå Møre og Romsdal Distriktshøgskule, grunnfag bedriftsøkonomi frå Norges Handelshøgskule og nordisk grunnfag frå Universitetet i Bergen. Ho har jobba i bokhandel i Bergen, som lærar ved Bulandet skule og som journalist. Mest i Firda, men også som frilans.


Liv Grimsbø (f. 1971) har vore forlagsredaktør i Selja Forlag sidan 2013. Ho kjem frå Jølster. Som utdanning har ho to-årig journalistutdanning frå Møre og Romsdal distriktshøgskule, samt ex. phil og grunnfag i samfunnsfag frå Universitetet i Bergen. Ho har jobba som journalist og vaktsjef i Firda, redigerer i Dagbladet og som redigerer og utgåvesjef i Bergens Tidende.