Vis meny

Vilkår netthandel

På heimesida vår finn du alle bøkene som er i ordinært sal, samt kommande bøker. Desse kan bestillast ved å trykkje på handlekorgikonet på boksida. Vi sender ut ordrestadfesting på e-post. Dersom du ikkje får den, så har den truleg hamna i søppelposten din.

Bøkene vert sende til deg i løpet av 1-3 dagar. Faktura ligg i pakken. Vi sender bøkene som fraktfritt til ei adresse ved kjøp for minst kr 398,- .
Ved bestillingar på mindre enn kr 398,- kjem frakt kr 130,- i tillegg.
14 dagar returrett frå motteken pakke. Returporto må betalast av kunde. Uavhenta pakkar på posten vert belasta med kr 200,-

Vi sender berre til adresser i Noreg (ikkje Svalbard og utlandet).