SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag. Boka er svært praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.
SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste.
Kunsten er å finne den tryggaste linja - med den beste snøen!
- Boka vert blant anna brukt som pensumbok på Norsk Fjellsportforum sine skredkurs. Den er svært praktisk i si tilnærming og formidlar kva ein bør observerer av vêr, fareteikn, utføre av kjapptestar når ein er i fjellet med vekt på vakne vegval. Stoffet er sett saman på bakgrunn av mi erfaring som friluftslivsrettleiar (formidling), tindevegleder (fjellføring og kurs) og skiglad vinterentusiast, fortel forfattar Christer Lundberg Nes.
Forordet i boka er skrive av Nils Faarlund.