Om forlaget
Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut over 300 bøker, jamt over 12-15 nye bøker i året, alle med forankring på Vestlandet. Frå 2025 er drifta trappa ned, men bøkene frå forlaget vil framleis vere i handelen, både på nettet og i bokhandel.
Den første boka frå Selja Forlag handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Frå kontoret i Førde, midt på Vestlandet, har Selja Forlag prøvd å famne om heile Vestlandet og har hatt ein klar nynorsk- og sakprosaprofil.
Torkjell Djupedal (f. 1957) har vore forfattar, forleggjar og dagleg leiar i Selja Forlag heilt sidan starten i 1996. Utdanning er cand.mag. i samfunnsfag frå Universitetet i Bergen og M.A.-grad i journalistikk frå University of Oregon, USA. Han jobba tidlegare som journalist i Gula Tidend, informasjonsarbeidar i Sogn og Fjordane fylkeskommune og som radiojournalist i NRK Sogn og Fjordane.