Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Gamle Førde

Kulturhistoriske tekstar





Redaktør/forfattar: Skåre, Jan Rasmus / Skåre, Kjersti Rekdal

ISBN: 9788282401975

Utgitt: 2023

Målform/språk: Bokmål og nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 272

Mål/vekt: 17 x 24 cm / 765 g

Facebook Twitter


Jan Rasmus Skåre (1929 - 2018) frå Førde var jurist og høgsterettsdommar 1978 - 1998. Han leia fleire offentlege utgreiingsutval og hadde ein rik juridisk forfattarskap. Men han var også svært lokalhistorisk interessert, og skreiv ei rad artiklar om ymse emne knytt til heimstaden Førde.

Også kona til Jan, Berit (f. 1932) Sivertsen, voks opp i Førde, og heile livet heldt dei tett kontakt vestover frå bustaden på Austlandet.

Gamle Førde er ei samling av utvalde artiklar om kulturhistoriske emne som Skåre skreiv, der mange har vore trykte i Sogeblad for Førde kommune, Historieskriftet for Førde og Jul i Sunnfjord.

Forfattaren fortel om barndom og oppvekst i Førde, om eiga slekt og kona si slekt i Førde, og om markante personar og miljø han hadde førstehands kjennskap til. Han fortel om næringsliv og kultur, om vegar og samferdsle, om laksefiske og driftehandel. Eit særleg emne Skåre er oppteken av er Jølstra og korleis elva har endra løpet sitt mot fjorden. Vi møter også kunstnaren Nikolai Astrup, som far til forfattaren hadde som lærar.






Kr 398,00

Legg i handlekorg