Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Cand.philol. i norsk, Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen. Professor ved Universitetet i Trondheim, Nordisk institutt, frå 1969. Skreiv ei rad artiklar og bøker innan språk, språkhistorie, folkeminne og mange andre emne.