Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Gamle Selje

Kulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide





Redaktør/forfattar: Djupedal, Reidar

ISBN: 9788282400299

Utgitt: 2010

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 272

Mål/vekt: 17x24 cm / 919 g

Facebook Twitter


Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Han var oppteken av både historie og historier, og skreiv gjennom heile livet ned folkeminne frå heimbygda. I denne boka om "Gamle Selje" har Ove Eide skrive ei innleiing og samla eit utval av Djupedal sine tekstar med emne frå Selje. Her handlar det om kloster og kyrkje, livet i gamle dagar, song og dans, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir. Fleire av tekstane er skrivne på dialekt, der forteljinga om onkelen Jakob Djupedal sine opplevingar i Kanada utmerkar seg.

Reidar Djupedal var cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Han arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen før han vart professor ved Universitetet i Trondheim i 1969. I "Store norske leksikon" er Djupedal omtala som "i sin tid den fremste kjenneren av Ivar Aasens liv og verk. Djupedal publiserte en mengde bøker og artikler av høy faglig kvalitet." I nettleksikonet "Allkunne" vert Djupedal omtala som ”ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet."

Boka er rikt illustrert med kring 135 gamle bilete frå Selje, mange av dei tekne av Kristofer Djupedal (1877-1963), far til forfattaren.




Ordinær: Kr 348,00
Kr 249,00

Legg i handlekorg