Jan Rasmus Skåre (1929–2018) frå Førde var jurist og høgsterettsdommar 1978–1998. Han leia fleire offentlege utgreiingsutval og hadde ein rik juridisk forfattarskap. Men han var også svært lokalhistorisk interessert, og skreiv ei rad artiklar om ymse emne knytt til heimstaden Førde.