Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Flypioneren Thor Solberg




Redaktør/forfattar: Sindre, Bjarte

ISBN: 9788282400596

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 176

Mål/vekt: 17x24 cm / 651 g

Facebook Twitter


Thor Solberg (1893-1967) frå Florø var ein av dei store i norsk luftfartshistorie. Han var forretningsmann i Bergen 1914-25, og drog i 1919 til Berlin på motorsykkel for å ta flysertifikat. Inspirert av Tryggve Gran si Nordsjøflyging i 1914 bestemte han seg for å ville fly frå USA til Noreg.

I 1925 drog han til New York og tente gode pengar som butikk- og fabrikkeigar. Inntektene brukte han til å kjøpe fly, starte eit flyselskap og perfeksjonere seg i blindflyging og navigasjon. I 1932 var han klar til å gjere første forsøket sitt på å krysse Atlanteren, men måtte naudlande ved Newfoundland.

I 1935 var han klar til eit nytt forsøk etter ei vanskeleg rute, via Labrador, Grønland og Island til Bergen. Mange hadde prøvd dette før, og ingen hadde klart det. Men Solberg gjennomførte turen på 30 dagar og kunne den 16. august 1935 lande i Bergen til jublande folkemassar.

Solberg sitt livsverk vidare var knytt til luftfarten. Han var forhandlar av fly, og dreiv flyskular, flyplassar og flyselskap. Mange nordmenn tok utdanninga si hos han, særleg på Jarlsberg, men også på flyplassen han hadde bygt opp i USA. Han oppretta fleire flyselskap, det siste var Solbergfly i Bergen, og det var mange som hadde Solberg som førebilete når dei sette i gang med småflyselskap. Han innførte Cessna-flyet til Skandinavia, og selde mange av dei. Han var også ein pådrivar for flyklubbar, og meinte at dei som kunne, burde ha sitt eige fly. Thor Solberg fekk ei rekke utmerkingar, den fremste var St. Olavs Orden, Ridder av 1. klasse i 1953.

Dette er den første biografien om Thor Solberg. Rikt illustrert. 




Ordinær: Kr 328,00
Kr 198,00

Legg i handlekorg