Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Draumen om framtidslandet

Utvandringa frå Hornindal til Amerika





Redaktør/forfattar: Tomasgard, Paul O.

ISBN: 9788282400664

Utgitt: 2013

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 208

Mål/vekt: 22x28 cm / 1165 g

Facebook Twitter


I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda si for å søkje lykka på den andre sida av Atlanterhavet. Dei reiste frå fattige og tronge kår i ei jordbruksbygd der moglegheitene for ei god framtid syntest små. I Amerika slo dei seg ned på dei vidstrakte præriane i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane der. Dei drog vestover til det varierte landskapet ved Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San Francisco. Dei aller fleste lykkast, men vi høyrer også om einsemd, sjukdom, vanlagnad og tidleg død.

Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, utgjer ein aktuell og nær del av innhaldet. Ei oversikt over alle dei som kom tilbake og overtok gardsbruk, er også teke med. Dette var personar som drog til Amerika for å tene seg pengar som dei kunne setje inn i farsgarden seinare.

Det vert også fortalt om alle dei banda som i lang tid var levande mellom dei utvandra og landet dei forlet. Innhaldet i boka er illustrert med om lag 300 bilete, kart og teikningar. Dei fleste er av personar som vandra ut, av familiane deira og stadene der dei slo seg ned.




Kr 378,00

Legg i handlekorg