Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år

Lys over fjord





Redaktør/forfattar: Systad, Audun

ISBN: 9788282400701

Utgitt: 2013

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 272

Mål/vekt: 21x26 cm / 1224 g

Facebook Twitter


Jubileumsbok til Tjugum kyrkje 150 år (1863-2013)

Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte, åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre. Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden. Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand.

Balestrand prestegjeld vart oppretta i 1849, same året som Balestrand vart eigen kommune. Første prest og ordførar var Harald Ulrich Sverdrup, som fekk bygd den nye Tjugum kyrkje i 1863, teikna av den kjende arkitekten Chr. H. Grosch. Sverdrup sette varige spor etter seg både i kommunen og kyrkjelyden, såvel som politikar i fylkestinget og stortinget. Sonen med same namn fylgde etter faren som prest, slik at Sverdrup-epoken i Tjugum kyrkje varte heilt til 1909. Ein ”brevskatt” frå Sverdrup si tid, som kom for dagen i desember 2012, godt gøymd i margarinkassar mellom gamle bøker, har gitt nytt innsyn i ulike sider av embetsgjerninga.

Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle og nye foto og andre illustrasjonar.






Kr 398,00

Legg i handlekorg