Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Anders Askevold

Vestlandsmålaren





Redaktør/forfattar: Warberg, Thor

ISBN: 9788282400688

Utgitt: 2013

Målform/språk: Nynorsk (english summary)

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 168

Mål/vekt: 22x24 cm / 870 g

Serie: Kunstnarbiografi

Facebook Twitter


Anders Askevold (1834-1900) er eit velkjent namn i norsk kunsthistorie. Han voks opp i Askvoll i Sunnfjord, kom til Bergen som 13-åring og til Düsseldorf som 21-åring, der han var elev av H.F. Gude. 


Askevold var det fyrste store kunstmålar frå Sogn og Fjordane, og den fyrste som reiste ut. Han henta motiva sine frå Vestlandet og tok med seg gjetarane, husdyra, naturen og det vestlandske kulturlandskapet inn i kunsten som ingen annan har gjort. Fjordlandskap og husdyr var Askevolds spesialitetar.  


Askevold var svært produktiv og populær, og han er godt representert i dei viktigaste kunstmusea og galleria her i landet, i tillegg til mange i utlandet. 


Boka inneheld ei verkliste på over 950 måleri og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og over 70 foto og andre illustrasjonar.


Boka er den første framstillinga av Anders Askevold og livsverket hans.





Ordinær: Kr 348,00
Kr 298,00

Legg i handlekorg