Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Gull av gråstein

Næringsliv på Sunnmøre gjennom 250 år





Redaktør/forfattar: Høidal, Eldar Øyehaug

ISBN: 9788282400855

Utgitt: 2014

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 400

Mål/vekt: 21x30 cm / 2000 g

Facebook Twitter


«Gull av gråstein» er ei soge om næringsutviklinga på Sunnmøre dei siste 250 åra, 1764-2014. Dette er ei soge om pågangsmot og framdrift på sjø og på land.
 
Sunnmøre merkar seg ut som eit samfunn utan store sosiale skilnader, der det har vore vanleg at folk går saman for å realisere næringstiltak, både i fiskeria, i landbruket og i industrien. Med Ivar Aasen kan vi seie at dette har vore eit samfunn av jamningar, likestilte menneske. I slike samfunn vert skaparkraft utløyst. Mange har vore med å gje farge til sunnmørsveven. 

Vi følgjer næringssoga til sunnmøringane frå 1760-åra då embetsmenn kom med nye impulsar, til tidleg på 2000-talet då det sunnmørske næringslivet er vendt mot den vide verda, men framleis har feste i ein attkjenneleg sunnmørsk næringskultur. I vår tid har Sunnmøre eit allsidig og oppegåande næringsliv, som hevdar seg både på nasjonale og internasjonale marknader.

Boka femner om alle dei 17 kommunane på Sunnmøre. Rikt illustrert med gamle og nye foto, og flyfoto frå alle kommunane.





Ordinær: Kr 398,00
Kr 249,00

Legg i handlekorg