Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Horisonten til veggar og himmelen til tak

Fotograf A. Berge frå Herøy (1886-1960)





Redaktør/forfattar: Magnar Hjertenes

ISBN: 9788282401296

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Facebook Twitter


Gjennom bileta sine dokumenterte fotograf Andreas Berge (1886 - 1960) kvardagslivet i Herøy kommune på Sunnmøre gjennom ein periode med rivande utvikling. I 1905 lånte han pengar til å kjøpe kamera, to år seinare starta han fotoverksemda si, og han var aktiv fotograf til ut på 1950-talet.

Denne boka viser bilete frå landbruk og fiskeri, fiskeindustri og tidleg skipsbygging, handel og næringsliv, bustadbygging og byutvikling, særleg i Fosnavåg. Og her er bilete frå alle livets fasar, frå fødsel til død, konfirmasjon og bryllaup, kvardag og fest. Når fiskarar og småbrukarar i starten vegra seg mot å oppsøke atelieret, tok fotografen med seg apparatet rundt om i Herøy, og i eigen båt ut på fiskefeltet.

Med sine mange tusen bilete er samlinga etter fotograf A. Berge ein kulturskatt for folket i Herøy.






Kr 398,00

Legg i handlekorg