Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Tusen år i Sogn




Redaktør/forfattar: Velle, Steinar

ISBN: 9788282401234

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 176

Mål/vekt: 22 x 26 cm / 959 g

Facebook Twitter


Tusen år i Sogn fortel om Sogn i norsk historie, og historier om Sogn. Her voks Harald Hårfagre opp, han som samla landet. På Gulatinget vart det norske folkestyret fødd. Og i Sogn bygde dei kyrkjer som enno er kulturminne i verdsklasse, med Urnes stavkyrkje som det fremste.

Tusen år i Sogn tek lesaren med på ei historisk reise, frå vikingtid til vår tid, frå Solund til Sognefjellet. Vi møter kjende sogningar som Harald Hårfagre, kong Sverre, Mensen Ernst og Gjest Bårdsen. Målet er ikkje å gje ei samla framstilling av Sogn si historie, men å gje smakebitar. Forfattaren gjer innhogg i historia, frå dei første skrivne kjeldene og opp mot vår tid.

Tusen år i Sogn er også ei bok med mykje kunst, med motiv frå Sogn av mange av dei store målarane frå 1800-talet, m.a. J. C. Dahl, Johannes Flintoe, Thomas Fearnley, Adolph Tidemand, H. F. Gude, Knut Bergslien, Anders Askevold, Amaldus Nielsen og Bernt Tunold. Det var til Sogn dei drog, kunstnarane som "oppdaga" det norske landskapet. Boka er også rikt illustrert med foto.





Ordinær: Kr 398,00
Kr 198,00

Legg i handlekorg