Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Klippfiskboka

Maten og historia





Redaktør/forfattar: Døssand, Atle / Tafjord, Bjørn Gunnar

ISBN: 9788282401197

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 200

Mål/vekt: 21x26 cm

Facebook Twitter


Klippfiskboka tek deg med på ei spanande historisk og kulinarisk reise.
I den første delen får vi servert klippfiskens kulturhistorie. Om korleis salta og tørka torsk gjennom hundreåra har vorte ein delikatesse for så mange, spesielt katolikkar som kunne ete fisk i fastetida. Tidleg ute med klippfisk var portugisarane.
Først på 1700-talet tok ein til med klippfiskproduksjon i Noreg, og då på Nordmøre. Kristiansund vart klippfiskhovudstaden, ei rolle Ålesund tok over midt på 1900-talet. I våre dagar er Noreg verdas største klippfiskprodusent, og 80 % av eksporten går til Portugal.
I den andre delen av boka får lesarane servert klippfisk, både i form av gode oppskrifter, lekre bilete og i ei lita lærebok om sjølve matlaginga. Oppskriftene kjem frå fem land: Noreg, Portugal, Spania, Den dominikanske republikk og Brasil. 

Medforfattarar: Karsten Alnæs, Mindor Klauset, Arnjlot Løseth, Hans Morten Sundnes og Odd W. Williamsen

Boka er utgjeven i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Kjem for sal 23. august 2017




Kr 368,00

Legg i handlekorg