Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Årboka for Sogn og Fjordane 2016




Redaktør/forfattar: Rørvik, Torbjørn

ISBN: 9788282401142

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 264

Mål/vekt: 21x30 cm / 1500 g

Serie: Årboka for Sogn og Fjordane

Facebook Twitter


Årboka gjev deg eit tilbakeblikk på nyhenda og reportasjane som prega avisene i året som gjekk. Årboka følgjer med på kommune- og regionsreforma. Vi ser på vanskane som fylket opplever i kjølvatnet av nedgangstidene som oljekrisa har skapt. Du får gjennom 264 sider følgje med på nye vegar som er opna, og gamle og nye vegar som naturen sjølv har stengt. Dei dramatiske brannane på Selje Hotel og Heradshuset på Sandane er også dekka i tekst og bilete.

Gjennom Årboka får du eit innblikk eldre, lokal kunst som har tatt vegen ut i den store verda. Du får også møte unge musikarar som i løpet av hausten tok heile landet med storm.

Årboka 2016 lar deg kome tett på menneske som har møtt ulike utfordringar. Nokre av dei har løyst problema sine her, medan andre har søkt vekk for å finne seg sjølv.

Årboka har hatt eit auga på gylne medaljar som har kome heim til Sogn og Fjordane etter store internasjonale meisterskap, men den lokale idretten, med unge og gamle utøvarar har også fått sin plass.

Faktadelen inneheld spennande talmateriale om til dømes folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv. Boka inneheld over 500 bilete og har eit namneregister med nær 1000 namn.






Kr 498,00

Legg i handlekorg