Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Skåla

- fjellet og folket





Redaktør/forfattar: Eide, Stig Roger / Fænn, Inge

ISBN: 9788282400381

Utgitt: 2011

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 208

Mål/vekt: 26 x 24 cm / 1103 g

Facebook Twitter


Frå ein vill idè til ein solid suksess. Historia om Skåla og Skålatårnet er som eit eventyr, men med den viktige presiseringa at det er eit sant eventyr. Då distriktslege Hans Henrik Gerhard Klouman i 1890 fekk den galne ideen om å byggje ei hytte på toppen av det 1848 meter høge fjellet Skåla i Loen i indre Nordfjord, kunne han knapt ane kva han sette i gang. Huset vart bygd, og med rette ofte kalla "Kloumanstårnet", for utan Kloumans entusiasme og pågangsmot hadde hytta aldri blitt bygd.

I 120 år har Skåla og Skålatårnet vore eit eineståande turmål, og alle som har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke får med seg minne for livet. Og ein ekstra porsjon sjølvtillit over eigen prestasjon. I våre dagar er det over 10 000 personar kvart år som når toppen, mange av dei er med i motbakkeløpet Skåla Opp ein laurdag i august.





Ordinær: Kr 398,00
Kr 249,00

Legg i handlekorg