Vis meny
Fri frakt ved kjøp over 500,-   Sjå vilkår

Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

bind 1-4





Redaktør/forfattar: Starheim, Ottar

ISBN: 9788281783300

Utgitt: 2009

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 3200

Mål/vekt: 22 x 28 cm / 12 kg

Facebook Twitter


Fylkesleksikon er oppslagsverket om Sogn og Fjordane der du gjennom titusenvis av artiklar og 12 000 bilete og kart finn informasjon om alt du ønskjer å vite.

Her finn du lokalhistorie, fakta om kommunar, samferdsle, næringsliv, skule, kultur, idrett og anna organisasjonsliv, statsforvaltning, politikk, krigshistorie, kjentfolk, media, kyrkjehistorie m.m.

Både yngre og eldre lesarar vil ha glede av Fylkesleksikon når dei søkjer kunnskap om si eiga heimbygd, kjende slektningar, grendaskulen sin, den lokale butikken, fylkeshistoria, ungdoms- eller misjonslaget i nærmiljøet. Alle samfunnsfelt er omtala, heilt ned til grendenivå.

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane er heilt eineståande i landssamanheng. Ingen andre fylke har maken. Fylkesleksikon er bokverket som høyrer heime i alle bokhyller i Sogn og Fjordane og hjå utflytte fjordingar og sogningar.

Leksikonet i fire bind har 3200 boksider, og innheheld blant anna 3120 biografiar, 12 000 foto og eit register med 12 291 opslagsord. Verket er strukturert og inndelt etter kommune. På mange måtar er dette ei "minibygdebok" for kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane.




Ordinær: Kr 2.490,00
Kr 990,00

Legg i handlekorg