Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Fjærland




Redaktør/forfattar: Mauritzen, Hilde

ISBN: 9788291722788

Utgitt: 2007

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Mjukbind

Sidetal: 40

Mål/vekt: 17x26 cm / 182 g

Serie: Selja reise & kultur

Facebook Twitter


Vandring i Fjærland. Frå fjord til bre, frå bokby til bremuseum.

Ingen stad på Vestlandet er breen nærare fjorden enn i Fjærland. Mellom den mektige Jostedalsbreen og den mektige Sognefjorden ligg ei bygd som var mellom dei første turistmåla på Vestlandet, og framleis er ein magnet for tilreisande frå inn- og utland. I tillegg til makelaus natur med bratte fjell, bre og fjord, byr Fjærland på Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen, som begge er viktige trekkplaster. Fram til 1986 var ferje einaste sambandet med omverda, i dag ligg Fjærland ved hovudvegen gjennom Sogn og Fjordane.

Denne vegvisaren fortel deg det du bør vite om Fjærland, anten du bur her eller er på besøk. Om Fjærland si historie og Fjærland i dag. om bygdene langs fjorden, Mundal sentrum, Bøyum og breane. Om alle opplevingane som ventar den som tek seg litt tid. Bli med på ein rundtur i ei av dei mest særmerkte og vakre bygdene på Vestlandet.

Illustrert med over 100 gamle og nye foto, kart og teikningar.




Kr 98,00

Legg i handlekorg