Vis meny

Dette skjedde i 2015



Ņrboka for Sogn og Fjordane 2015, som kom ut på Selja Forlag denne veka, gjev eit ekte, usminka bilete av Sogn og Fjordane. Også i denne 23. utgåva har Rørvik fått plukka fritt i lokalavisene og regionavisene sine saker frå året som har gått, til saman over  50 000 avissider!  Ikkje noko anna fylke kan skilte med ei tilsvarande bok som oppsummerer året gjennom nyhende, kvardagsliv, statistikkar og ikkje minst, gode bilete.

Her får vi blant anna gjensyn med sakene om Solund kommune som reiste på friarferd til Island, søskena Magnar og Oddny som drog til USA, om skomakaren på Nordfjordeid, Siri frå Sogndal som dreiv redningsarbeid i Middelhavet, og Ingvild frå Førde som vil bli proffdansar.

To store tunnelbrannar

Årboka for Sogn og Fjordane 2015 syner fram sterke personar som står oppreiste i vanskelege tider. Vi møter personar som har gjort utradisjonelle val, og vi møter personar som vert tekne ut av deira naturlege miljø og må prøve seg i framande situasjonar.

- I 2015 opplevde vi heldigvis ikkje nye store naturkatastofar i Sogn og Fjordane, men tunnelbrannane i Skatestraumtunnelen og i Gudvangatunnelen, då tunge køyretøy eksploderte og tok fyr, minte oss på kor små marginane kan vere, seier Torbjørn Rørvik.

Statistikk og fakta 

På sportsfronten heidrar Årboka utøvarane frå Sogn og Fjordane, særleg innanfor skiskyting og skihopp, som markerer seg internasjonalt. Stor merksemd får sjølvsagt Eirik Bakke og Sogndal som på imponerande måte returnerte til eliteserien på første forsøk. Men boka tek også pulsen på den lokale idretten som alltid ligg i botnen for dei “store” prestasjonane.

Faktadelen inneheld spennande talmateriale om til dømes folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv. Boka inneheld over 500 bilete og har eit namneregister med 1000 namn.

(Pressemelding 07.04.2016)