Fattigfolk
i Bergens stift 1755-2005

Redaktør/forfattar:
Nedrebø, Yngve
ISBN: 9788291722542
Utgitt: 2005
Målform/språk: Nynorsk
Innbinding: Stivbind
Sidetal: 160
Mål/vekt: 21x28 cm / 933 g
Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve. Dei verdige fattige var dei som ikkje kunne: fattige born, dei vanføre eller kronisk sjuke og dei gamle. Dei som ikkje ville var uverdige og farlege: landstrykarane, dei arbeidssky, drukkenboltane, dei kriminelle og dei prostituerte.
Lovverket gav reglar og rammer for korleis fattigfolk skulle handterast. Langt tilbake var det ætta sitt ansvar. Den som ikkje hadde ætt, var ille ute. Trælar som kom i armod skulle ein grave ei grav til, og la dei døy. Kristendommen kom til landet og gav dei fattige rettar og kravde meir human behandling.
I 1755 tok det offentlege ansvar og Kongen gav ei forordning for korleis fattigvesenet i Bergen stift skulle ordnast. Det skulle verte slutt på tigginga, dei arbeidsføre skulle setjast i arbeid, om naudsynt med tvang. Kvart sokn skulle syte for sine og ha fattigkommisjon og fattigkasse. Dei verdige skulle få hjelp.
Denne boka fortel om bakgrunnen for fattigforordninga, om korleis det gjekk med innføringa av denne, om kjeldene og korleis samfunnet leita etter løysingar for handteringa av fantane, drankarane og resten av dei “uverdige” fattige.
Ordinær: Kr 298,00
Kr 98,00
Legg i handlekorg