Herifrå
Redaktør/forfattar:
Apneseth, Oddleiv /
Sele, Katrine
ISBN: 9788291722696
Utgitt: 2006
Målform/språk: Nynorsk
Innbinding: Stivbind
Sidetal: 176
Mål/vekt: 24x26 cm / 1060 g
"Ein stad er ikkje berre ei fysisk form. Ein stad er alle dei forteljingane som heftar ved han," seier kunstnar Morten Holmefjord, alias Fusakongen.
Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Katrine Sele bur på kvar si side av Jølstravatnet. Gjennom to år har dei reist rundt i sitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane, for å skildre menneska, miljøa, landskapet og kulturen der med sine eigne, farga blikk.
Dei har møtt moteskaparar i Stryn, cowboyar på Breim, geitebønder i Undredal og ein kinesisk nakenhund frå Førde. Dei har vore på den ytste øya i Bulandet, der ei dame bur heilt åleine med katten sin.
Heile vegen har dei interessert seg for livet i ytterkantane: historiene som sjeldan blir fortalde.
Ordinær: Kr 398,00
Kr 198,00
Denne boka er utseld