Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Historia om Flora 1

Før byen kom - Tida fram til 1860





Redaktør/forfattar: Losnegård, Gaute

ISBN: 9788282400589

Utgitt: 2012

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 496

Mål/vekt: 22x28 cm / 2250 g

Serie: Historia om Flora

Facebook Twitter


Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane, grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste tider og fram til byen kom. Vi høyrer om Stakalleneset, der det var økseproduksjon i steinalderen. Om bergkunsten i Ausevika frå bronsealderen, som i dag er eit kulturminne av stor nasjonal verdi. Ytst i havgapet på Kinn vart det i mellomalderen bygd ei steinkyrkje, på ein stad som i dag ligg utanfor allfarveg. Men den gongen låg Kinn ved "riksvegen", og nær fiskefelta. Frå 1600-talet var Svanøya eit viktig sentrum, både som futegard, adelssete og frå 1800-talet eit samfunn av driftige haugianarar.

Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred.

Utgitt i samarbeid med Flora kommune.




Ordinær: Kr 498,00
Kr 249,00

Legg i handlekorg