Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte, åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre. Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden. Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand.
Balestrand prestegjeld vart oppretta i 1849, same året som Balestrand vart eigen kommune. Første prest og ordførar var Harald Ulrich Sverdrup, som fekk bygd den nye Tjugum kyrkje i 1863, teikna av den kjende arkitekten Chr. H. Grosch. Sverdrup sette varige spor etter seg både i kommunen og kyrkjelyden, såvel som politikar i fylkestinget og stortinget. Sonen med same namn fylgde etter faren som prest, slik at Sverdrup-epoken i Tjugum kyrkje varte heilt til 1909. Ein ”brevskatt” frå Sverdrup si tid, som kom for dagen i desember 2012, godt gøymd i margarinkassar mellom gamle bøker, har gitt nytt innsyn i ulike sider av embetsgjerninga.
Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle og nye foto og andre illustrasjonar.
Denne boka er ikkje lenger i sal i nettbutikken vår, men kan bestillast via akademika.no.