Det er mange som ønskjer livet av Asgeir Åsason, ein av kong Eirik Blodøks sine viktigaste menn. Spesielt etter drapet på den fremste seidmannen i Norveg, Sote Ramn, ønskjer seidfolket hemn. Og det er gamlekjærasten til Sote, Bergljot, som får i oppdrag å drepe Asgeir og dei han held av.
Men ikkje alle vil skosveinen Asgeir vondt. Den vakre Møyfrid Håvardsdotter på Karmøy har blitt kjær i Asgeir og vil gjere kva som helst for å få gifte seg med han, sjølv om han er utan slekt og ingen veit kven far hans er.
Dette er den fjerde og siste boka i serien "Odins smykke" om Asgeir Åsason.
Denne boka er ikkje lenger i sal i nettbutikken vår, men kan bestillast via akademika.no.