Gå sjøl
Familieturar i Sunnfjord

Redaktør/forfattar:
Kleiven, Jorunn Liv
ISBN: 9788282400114
Utgitt: 2009
Målform/språk: Nynorsk
Innbinding: Fleksibind
Sidetal: 216
Mål/vekt: 20 x 22 cm / 732 g
Gå sjøl er ei turbok for barn og vaksne. Sunnfjord byr på fantastisk natur. Her er ope kystlandskap, varierte skogar og høge fjell. Både sommar, haust, vinter og vår er det mykje å nyte og mykje å oppleve.
Denne boka fortel om 94 turar gjennom alle dei sju kommunane i Sunnfjord: Fjaler, Askvoll, Flora, Naustdal, Førde, Gaular og Jølster. Boka inneheld både sykkel-, ski/ake- og fotturar og gjev nyttige tips til matlaging, val av klede, aktivitetar, leikar, fakta om turmålet og stader ein ser undervegs.
Gå sjøl passar for barn i alle aldrar. Med godt over 200 flotte bilete, kart og fyldig informasjon om alle turane, håper vi at boka kan vere til inspirasjon og at ho blir med i sekken neste gong du og familien skal ut på tur!
God tur!
Kr 398,00
Denne boka er utseld