Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg, truleg etablert av Harald Hårfagre seint på 800 - eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik i Gulen ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytta til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark som òg er tusenårsstad for Sogn og Fjordane.
Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i viktingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid.