OPPTUR Sogn og Fjordane viser deg det makelause turfylket på ein ny måte: Flyfoto av 267 fotturar med innteikna ruter gir deg rask og presis oversikt, saman med fyldige turomtalar. Alle kommunar er med, alle vanskegradar, og alle typar landskap fylket har å by på.
Sogn og Fjordane har det flottaste fjordlandskapet i verda, her er fjelltoppar av alle slag, den største breen og lengste fjorden, frodige og lune dalar, tusenvis av øyar og ein kyst med landemerke på rekke og rad.
OPPTUR Sogn og Fjordane inneheld kring 1000 foto og kart, og kjem ut i samarbeid med Sogn og Fjordane Turlag.
God tur!