Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Klare sjøl

Kokkar små med kopp og skei. Includes english glossary





Redaktør/forfattar: Otterdal, Reidunn / Sårheim, Anne Britt / Ulvedal, Ann-Iren

ISBN: 9788282400176

Utgitt: 2002 (6. opplag 2012)

Målform/språk: Nynorsk/engelsk

Innbinding: Mjukbind med spiralrygg

Sidetal: 122

Mål/vekt: 20x22 cm / 527 g

Facebook Twitter


”Det var ein gong ein barnehage som var så frykteleg oppteken av mat. Dei sådde og dei plukka, dei planta og dei hausta, og rett som det var baud dei inn til gjestebod med dei mest velsmakande, heimelaga rettar som folk knapt kunne hugse at dei hadde smakt.”

Dette er starten på eventyret om små og store i Hornindal barnehage i Nordfjord, som i denne boka inviterer oss til å lage mat både ute og inne. Eit variert utval av oppskrifter til høgtid og kvardag som er tilpassa barn. Nokre matrettar må lagast i lag med vaksne, og dei yngste treng nok litt hjelp, men etter kvart vil dei klare det meste sjølve. 

Så har du råvarene, ein kopp, ei stor og ei lita skei; lagar du din eigen mat på 1-2-3. Hugs at ”øving gjer meister”, og maten du lagar sjølv smakar KJEMPEGODT!!! 

”Klare sjøl” passar for barn i alder 3-12 år. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter. Eit ark med symbol for dei mest nytta matvarene gjer ”lesinga” og matlaginga til ein meiningsfull og spennande aktivitet! 

Includes English glossary.




Kr 248,00

Denne boka er utseld