Spørsmålet om tilknyting til EF og seinare EU har skapt den hardaste politiske striden i Noreg etter andre verdskrigen. Folket sa nei til medlemskap i folkerøysting to gonger, i 1972 og 1994. Nei-sida stod sterkt i Sogn og Fjordane, men resultatet kom ikkje av seg sjølv.
Boka tar for seg EF- og EU-kampen i fylket frå byrjinga av 1960-talet og fram til 2024, med vekt på tida før dei to folkerøystingane. Utviklinga i Sogn og Fjordane blir sett i samanheng med hendingane på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Denne boka er ikkje lenger i sal i nettbutikken vår, men kan bestillast via akademika.no.