Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Historia om Førde 3

Bind 3 - Førde rundt





Redaktør/forfattar: Aasland, Arne W.

ISBN: 9788282401890

Utgitt: 2024

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 368

Mål/vekt: 24 x 26

Serie: Historia om Førde

Facebook Twitter


HISTORIA OM FØRDE er eit bokverk om kommunen og byen som er tyngdepunktet i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar.

Dette tredje bindet, FØRDE RUNDT presenterer kulturhistoria i Førde, bydel for bydel og grend for grend. Førde er i boka inndelt i følgjande 16 område: 1. Gamle Førde, 2. Prestebøen, 3. Storehagen og Øyrane, 4. Frå Korsen til Hornnesvika, 5. Hafstad, 6. Halbrend, 7. Hafstadflata og Bruland, 8. Vie og Tefre, 9. Langs Angedalsvegen, 10. Angedalen, 11. Førdefjorden sør, 12. Førdefjorden nord, 13. Sunde, 14. Mo og Åsane, 15. Holsen og 16. Haukedalen.

Gamle Førde kommune byr på stor variasjon, frå fjord- og dalbygder, der tradisjonar står sterkare, til eit raskt veksande bysamfunn i den flate dalen inst i Førdefjorden. Frå Førde går det vegar i alle retningar, og til Førde kjem folk frå eit stort omland for å arbeide, handle eller motta tenester, der Sentralsjukehuset er viktigaste institusjon. Boka skildrar kulturhistoria og Førde i dag frå ein geografisk synsvinkel, slik dei ligg etter vegane, i bygd og by.
Boka er rikt illustrert med kring 750 gamle og nye foto, og gode kart, både av bygdene og sentrumsområda. Bli med på ei kulturreise i Førde anno 2024!

Andre i redaksjonen er Torkjell Djupedal, Erik Solheim, Asbjørn Tyssen og Trond Ueland.

Kjem for sal 21. oktober 2024





Kr 498,00

Legg i handlekorg