Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Folk før IV

Tjueni historier frå Nordfjord





Redaktør/forfattar: Askeland, Kjell

ISBN: 9788282402026

Utgitt: 2024

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 248

Mål/vekt: 23 x 26

Serie: Folk før

Facebook Twitter


Folk før IV er den fjerde boka i serien der Kjell Askeland let eldre folk i Nordfjord fortelje om liva sine. Liv fylt med kjensler, fantasi og draumar, og for den del, sløkte draumar. Liv fylt med både daglegdagse og dramatiske hendingar, liv frå ei tid som for lengst er omme.

I Folk før IV møter vi blant andre barneheimsguten Odd som kom åleine til Nordfjord frå Oslo, han lever framleis, 103 år gamal. Vi møter søstrene Bjørg og Liv som måtte flykte frå Telavåg dagar før grenda vart brent av tyskarane. Krigsseglarane Johan og Magne fortel om fryktelege opplevingar under krigen. Etterpå vart dei svikta av den norske staten. Og vi treffer augevitne som opplevde Måløyraidet, og den dramatiske avsløringa av Radio Roska.

Folk før IV fortel òg om kor viktig havet er for nordfjordingane. I 1971 forsvann fiskebåten «Seilfjell». Heile mannskapet på ni kom vekk og etterlèt øysamfunnet Silda lamma av sorg. I den siste historia i boka får høyre om dei to unggutane, Stig og Kjell Magne Ervik, som pantsette bilane sine for å kjøpe ein gamal fiskebåt i 1987. Seinare vart dei gründerar av konsernet Ervik Havfiske, det største linebåtreiarlaget i landet. Ti båtar har hatt namnet «Frøyanes», den nyaste vart døypt då denne boka kom ut.

Kjem for sal 14.11.24



Kr 500,00

Legg i handlekorg