Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Havlandet

Folk og landskap i ytre Nordfjord





Redaktør/forfattar: Rakkenes, Øystein / Bickhardt, Thomas

ISBN: 9788281722245

Utgitt: 2001

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 200

Facebook Twitter


"Det er turbulent. Det er mektig. Det er verdas største kontinent. Det rommar både India, Kina, Tibet og Russland. Følgjer vi sola vestover landar vi i Europa. Reiser vi vidare mot dei nordvestre utpostane på dette største av alle kontinent, så heiter stadane Stad, Kråkenes og Bremangerlandet."

Slik opnar boka om den dramatiske randsona mellom hav og land like sør for Stad, og korleis folket her lever. Gjennom praktfulle foto og små portrett får vi eit nært og levande bilete av folk og landskap på ein makelaus del av Norskekysten.

Reisa tek til i Kalvåg på Bremangerlandet, stoppar ved Nordfjorden, i Måløy og elles på Vågsøya, kryssar Sildegapet til Selje før vi endar ytst på Stad, halvøya som er som ein knyttneve mot storhavet og som alle nordmenn kjenner får kvar einaste vêrmelding.

Havlandet er eit praktverk på 200 sider med 230 foto, alle i fargar. Dette er boka for alle som let seg røre av lyset og lydane, livet og lagnadane på kysten sør for Stad.




Kr 448,00

Legg i handlekorg