Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Bokpakke Historia om Førde bind 1 og 2




Redaktør/forfattar: Byrkjeland, Martin / Grove, Knut / Ueland, Trond

Utgitt: 2023

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Serie: Historia om Førde

Facebook Twitter


Kjøp Historia om Førde bind 1 og 2 og få Førde blir by (verdi kr 398,-) med på kjøpet.

Historia om Førde bind 1 og 2 kostar kr 498,- pr. stk. Dersom du kjøper begge så får du Førde blir by (verdi kr 398,-) gratis med på kjøpet. 
Tilbodet gjeld så langt lageret rekk.

HISTORIA OM FØRDE er eit bokverk om kommunen og byen som er tyngdepunktet i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 (kjem i 2024) byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar.

Det første bindet, FØRDE - FRÅ BYGD TIL BY 1500 - 2020, fortel historia om ei tradisjonell jordbruksbygd, som lenge endra seg sakte, under styring av embetsmenn. Så, på få tiår, skifta både tettstaden og grendene ham. Nye arbeidsplassar kom til. Mellom 1960 og 2020 vart folketalet i kommunen firedobla, i sentrum tidobla. Førde-samfunnet vart ein smeltedigel, der den typiske førdianar var ein innflyttar. Kva skjedde med Førde i desse åra, og korleis kunne det skje, særleg i eit lite urbant fylke som Sogn og Fjordane? Viktige stikkord er sentral geografisk plassering, vedtaket om vekstsenter, industrisatsing og bygging av Sentralsjukehuset. Men veksten i Førde er også eit resultat av allsidig satsing på kultur, trivsel og gode bu- og oppvekstvilkår, med Førdehuset som ein viktig møtestad.
Forfattarar: Martin Byrkjeland og Knut Grove.

Det andre bindet, FØRDE - SAMFUNN OG KULTUR, inneheld 44 artiklar skrivne av 37 forfattarar, alle med spesialkunnskap om sine emne. Nokre er personlege i stilen og forteljarmåten, andre skriv meir akademisk. Boka har fire delar: Del 1 har artiklar om natur og historie i Førde, frå geologi og forhistorie, til utvandring og krigshistorie. Del 2 skildrar offentlege og private samfunnsinstitusjonar, m. a. skular, helsestell og samferdsle. Del 3 tek opp Førde-identiteten og lokale særtrekk som stadnamn, målføre og byggjeskikk. Del 4 har kunst, kultur, musikk og idrett som tema.
Redaktør: Trond Ueland
Forfattarar av emneartiklar: Georg Arnestad, Kjell-Ragnar Berge, Hilde Bjørkum, Kjetil Bjørset, Anne Marit Bødal, Ove Eide, Stig Roger Eide, Berit Gjerland, Eva Marie Halvorsen, Leon Haugsbø, Atle Holsen, Karen Hornnes, Helge Johnsen, Rune Fossum Lillesvangstu, Terje Lyngstad, Yngve Nedrebø, Atle Nesje, Kolbjørn Nesje Nybø, Christian Rekkedal, Henning Rivedal, Joar Sande, Kjell Olav Skaaheim, Erik Solheim, Kari Støfringsdal, Janne Karin Støylen, Ivar Svensøy, Gunnhild Systad, Helge Sæterdal, Magnus Helge Torvanger, Asbjørn Tyssen, Trond Ueland, Terje Ulvedal, Fridtjov Urdal, Stig Aamot, Jostein Aardal, Stig Årdal og Arne W. Aasland.

Redaksjon for begge bøkene: Torkjell Djupedal, Erik Solheim, Asbjørn Tyssen, Trond Ueland, Arne W. Aasland.

Skriv i kommentarfeltet om du ønskjer å hente bøkene på forlaget i Fjellvegen 10. Opningstider er måndag - fredag 0830-1530.

Klikk på tittelen for å lese om kvar bok:

Historia om Førde bind 1

Historia om Førde bind 2

Førde blir by




Kr 996,00

Legg i handlekorg