Korleis gjekk det til at han etablerte verdas fremste forskingspris for berekraftforsking?
Og kvifor vart han den første som fekk målprisen for Sogn og Fjordane?
Svara på desse spørsmåla og mange fleire finn du i denne boka.
Kristian Fossheim (f. 1935) er professor i fysikk og riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden. Boka fortel om slekta og røtene i Jølster. Vi blir med han som barn, ungdom og vaksen, som journalist og student, som fysikar og formidlar, og som familiemann, ven og samarbeidspartnar. Vi er med Fossheim i Jølster, på Sandane, på Bryne, i Oslo og i Trondheim. Vi følgjer han under ei rekke lange utanlandsopphald i USA, Japan og Sveits, i tillegg til mange spennande reiser i inn- og utland.