Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Historia om Førde 1

Førde frå bygd til by 1500-2020. Bind 1





Redaktør/forfattar: Byrkjeland, Martin / Grove, Knut

ISBN: 9788282401876

Utgitt: 2023

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 376

Mål/vekt: 24 x 26 cm

Serie: Historia om Førde

Facebook Twitter


HISTORIA OM FØRDE er eit bokverk om kommunen og byen som er tyngdepunktet i Sogn og Fjordane. Første bind skildrar historia kronologisk og i historiske periodar, med vekt på dei store endringane etter 1960. Bind 2 går djupare inn i utvalde emne, medan bind 3 byr lesaren med på ei kulturhistorisk reise i det som fram til 2020 var Førde kommune, gjennom alle bygder, grender og bydelar.

Dette første bindet, FØRDE - FRÅ BYGD TIL BY 1500 - 2020, fortel historia om ei tradisjonell jordbruksbygd, som lenge endra seg sakte, under styring av embetsmenn. Så, på få tiår, skifta både tettstaden og grendene ham. Nye arbeidsplassar kom til. Mellom 1960 og 2020 vart folketalet i kommunen firedobla, i sentrum tidobla. Førde-samfunnet vart ein smeltedigel, der den typiske førdianar var ein innflyttar. Kva skjedde med Førde i desse åra, og korleis kunne det skje, særleg i eit lite urbant fylke som Sogn og Fjordane? Viktige stikkord er sentral geografisk plassering, vedtaket om vekstsenter, industrisatsing og bygging av Sentralsjukehuset. Men veksten i Førde er også eit resultat av allsidig satsing på kultur, trivsel og gode bu- og oppvekstvilkår, med Førdehuset som ein viktig møtestad.

Redaksjon: Torkjell Djupedal, Erik Solheim, Asbjørn Tyssen, Trond Ueland, Arne W. Aasland.






Kr 498,00

Legg i handlekorg