Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Gitardikt




Redaktør/forfattar: Ulv, Stig

ISBN: 9788282401913

Utgitt: 2023

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 80

Mål/vekt: 15 x 21 cm / 300 g

Facebook Twitter


Det var trubadur som var målet.
Eg kjøpte til og med barkrakk.
Men heldigvis vart eg så paff
når ingen brydde seg om kva eg formidla
at eg slutta og vart gitarinstrumentalmusikar
og gav ut plater i ekstra fart.

Stig Ulvestad, med kunstnarnamnet Stig Ulv, er ein strengeinstrumentalist og nynorskforkjempar med underfundig humor som leikar seg i møte med publikum. I meir enn ti år har han reist rundt og spelt nydeleg gitarinstrumental musikk på nynorsk og i Gitardikt får du gitarinstrumental lyrikk på nynorsk.

Ein konsert med Stig Ulv inneheld musikk, opplesing og bilete som saman fangar stemningane i den vestlandske naturen, både i sorg og glede. Stig Ulv har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet, og scenene er kulturhus, klubbar, kyrkjer, galleri, bibliotek, aldersheimar, kulturskular og mållag.





Kr 279,00

Legg i handlekorg