Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Soga om Sogn og Fjordane I-IV




Redaktør/forfattar: Hoel, Oddmund Løkensgard / Krøvel, Harald Johannes / Roll-Hansen, Hege / Tafjord, Harald Endre / Timberlid, Jan Anders

ISBN: 9788245019131

Utgitt: 2017

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 1280

Mål/vekt: 23 x 28 cm / 5,6 kg

Facebook Twitter


Sogn og Fjordane er eit annleisfylke, blir det gjerne sagt. Her veks folketalet seinare enn i andre fylke. Byane er få og små. Men levekåra er betre og tryggare her enn andre stader. Soga om Sogn og Fjordane spør korleis det har vorte slik. Verket tek for seg utviklinga i landskap og bygder som kvar for seg har ei langt eldre historie enn fylket, men set også historia om området i samband med utviklinga utanfor.

Band 1 tek til då isbreane drog seg tilbake frå kyst og fjordar, og følgjer folk og samfunn gjennom vikingtid og mellomalder fram til opprettinga av Nordre Bergenhus amt i 1763.

Band 2 tek til med opprettinga av Nordre Bergenhus som eit eige amt i 1763, og syner mellom anna kor intenst ressursane innan fylket vart utnytta til livberging for folket i perioden som følgde.

Band 3 fortel om dei store endringane i jordbruk, fiske og industri frå siste del av 1800-talet, og om utbygginga av nye kommunikasjonar, institusjonar og organisasjonar som knytte fylket meir saman.

Band 4 syner korleis Sogn og Fjordane fekk del i utviklinga av det norske velstands- og velferdssamfunnet i tida etter andre verdskrigen, mellom anna gjennom ei storstilt kraftutbygging.

Verket kom først ut på Fagbokforlaget i 2017.





Ordinær: Kr 1.869,00
Kr 990,00

Legg i handlekorg