Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

OPPTUR Vik

101 fotturar





Redaktør/forfattar: Finne, Nils Gunnar / Loftesnes, Finn

ISBN: 9788282401838

Utgitt: 2022

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Fleksibind

Sidetal: 272

Mål/vekt: 13 x 24 cm

Serie: OPPTUR

Facebook Twitter


OPPTUR VIK viser deg alt det beste av turopplevingar i Vik i Sogn. Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, midt i Sogn, med framifrå turterreng, både ved sjøen, i dalane og på fjellet. Kjende turmål er Ovriseggi, Vidasethovden og Skomakarnipa.

OPPTUR VIK har turar i følgjande område:
- Strendene med veglause bygder som Sylvarnes.
- Arnafjorden med Framfjorden, Indrefjorden og Nese.
- Flatbygdi og sentrumsnære turområde ved Vikøyri.
- Dalane i Vik: Bøadalen, Ovrisdalen og Seljadalen.
- Vikafjellet, både vest og aust for Vikafjellsvegen.
- Bygdene langs Sognefjorden: Vangsnes, Feios og Fresvik.

OPPTUR VIK har detaljomtale av 101 fotturar, både lette og meir krevjande turar, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og tidsbruk. Alle turane er teikna inn på kart og flyfoto. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.





Kr 448,00

Legg i handlekorg