Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

Gode gamle båtreiser

Nattruteskipa til Bergen





Redaktør/forfattar: Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788282401821

Utgitt: 2022

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 144

Facebook Twitter


Lenge kunne du sove deg fram til Bergen - anten du kom med båt frå Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn, frå Hardanger, Sunnhordland eller Rogaland. Nattruteskipa batt saman Vestlandet frå Stavanger og Sandnes i sør, til Måløy og Stryn i nord.

Denne boka fortel historia om båtane, rutene og ei tid som er forbi. Frå dampskip på 1800-talet til formfullenda motorskip bygde på 1960-talet. Hausten 1991 la det aller siste nattruteskipet til kai i Bergen.

Boka har eigne kapittel om dei tre siste lokale nattruteskipa i landet: «Kommandøren», i åra 1962-1988, «Hardangerfjord» (seinare «Firda»), 1959-1989, og «Nordfjord I», 1963-1991.

Dette var fartøy som førte både passasjerar, bilar, post og last av alle slag til og frå byen. Tidlegare mannskap fortel om livet om bord på fjord og kyst, i stille og storm. Vi følger fartøya vidare som ruteskip i Karibia og som cruiseskip på Svalbard og i Adriatarhavet.

Boka er rikt illustrert med foto og teikningar.






Kr 448,00

Legg i handlekorg