Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

Kortreist gatemat

Smak av verda med råvarer frå fjord og fjell





Redaktør/forfattar: Åman, Anne-Lise Solheim

ISBN: 9788282401807

Utgitt: 2022

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 208

Facebook Twitter


Kortreist gatemat blandar urnorske råvarer og tradisjonsmat med smakar frå andre verdskjøken. Her får du oppskrifter på nydeleg street food «på norsk». Til dømes Poke Bowl frå Hawaii med norsk laks og koreansk Bulgogi med norsk hjort. Til dessert kan det kanskje smake med spanske Churros med rørte blåbær og brunostdip?

Kortreist gatemat viser korleis du kan bruke råvarer du alt har heime eller lett kan få tak i: Grønsaker, frukt og bær frå hagen og fjellet, fisk og skaldyr frå fjorden. Eller lokalt kjøtt av
sau, geit og hjort, dyr som ved beiting steller landskapet vårt.

Kortreist gatemat inneheld omtrent 70 oppskrifter på middagar, smårettar og søte freistingar. I tillegg får du rundt 100 grunnoppskrifter på majonesar, sausar, marinadar, bakst, rører og ulike tilbehøyr.

Kortreist gatemat har tips til råvarer og utstyr som gjer matlaginga enklare, til redyrking av grønsaker og til korleis du kan utnytte restematen. Kvar oppskrift har forslag til vegetarisk alternativ og QR-kode med handleliste.

Håpar det smakar!






Kr 428,00

Legg i handlekorg