Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

OPPTUR ytre Sunnmøre

160 fot- og sykkelturar





Redaktør/forfattar: Loftesnes, Finn / Rønneberg, Merete Løvoll

ISBN: 9788282401784

Utgitt: 2022

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Fleksibind

Sidetal: 400

Serie: Opptur

Facebook Twitter


OPPTUR YTRE SUNNMØRE er ei skattkiste av gode turopplevingar. Store og små øyar ligg som perler på ei snor, både sør og nord for Ålesund. Her er det ope landskap, nydeleg turterreng og utsyn i alle retningar. Lenger inne er vegetasjonen rikare, bakkane brattare og toppane høgare, med kremtoppen Lauparen i Ørskogfjella på 1434 moh. som den høgste fjellturen i boka.

OPPTUR YTRE SUNNMØRE inneheld 160 turar, av dei 141 fotturar og 19 sykkelturar. Følgjande kommunar/område er med: Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy.

OPPTUR YTRE SUNNMØRE har både lette og meir krevjande turar. Alle turane er teikna inn på flyfoto, med fyldig turomtale, oppgjeven vanskegrad, lengde og stipulert turtid. Boka viser nøyaktig kvar turane startar og kvar rutene går.






Kr 498,00

Legg i handlekorg