På tur i Årdal inneheld alt du treng å vite for å kome deg ut på tur i det fantastiske landskapet inst i Sogn. Her er både Falketind og Austanbottstindane i Jotunheimen, Vettisfossen og Byttejuv, Heirsnosi og 1000-meteren, og rusleturar i bygdebyane Årdalstangen og Øvre Årdal. Vi er også innom nabokommunane Lærdal, Luster og Vang.
På tur i Årdal gjev inspirasjon og informasjon og rikeleg med bilete. Alle dei 202 fottturane er teikna inn på 46 gode, spesialteikna kart. Boki syner kvar turane startar og kvar rutene går. Kvar tur har fyldig omtale, vanskegrad, lengde, høgdeskilnad og tidsbruk. Boka er inndelt i 11 turområde: Naddvik, Årdalstangen, Øvre Årdal, Rausdalen, Tyin, Utladalen, Fardalen, Seimsdalen, Ofredalen, Filefjell og Lærdal.
Boka er utgjeven i samarbeid med Årdal Turlag.
Denne boka er ikkje lenger i sal i nettbutikken vår, men kan bestillast via akademika.no.