Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Då ni vart åtte

Sorga, samhaldet og matstellet





Redaktør/forfattar: Alme, Laila Ingebjørgsdotter Nordheim

ISBN: 9788282401739

Utgitt: 2021

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 112

Mål/vekt: 14 x 21 cm

Facebook Twitter


Det er 12. desember 1953. Olav Nordheim (44) døyr brått og etterlet seg kone og sju born i alderen eitt til nitten år. Kona Ingebjørg (43) fryktar at om ho ber om hjelp så vil syskenflokken på sju bli delt opp. Ho isolerer seg og prøver å gøyma seg vekk så godt ho kan. Denne isolasjonen greier ho ikkje bryta så lenge ho lever. Derimot arbeider ho seint og tidleg, i hovudsak på same måten og med dei same oppgåvene som då mannen levde. Det nye er at ho er åleine om alt, åleine om ansvaret for borna og utan inntekt.

I denne boka fortel Laila Ingebjørgsdotter Nordheim Alme, som var eitt år og ni månader då faren døydde, om oppveksten på småbruket Nordheim i den vesle bygda Eidsland i Bruvik kommune på femtitalet. Om sorga, ansvarskjensla og det sterke samhaldet etter at faren døyr. Og om korleis særleg eldste broren, som overtok garden, og mora med gode rutinar greidde å halda hjula i gang.

Me er med familien gjennom året og høgtidene både i gardsarbeid og matstell. Måltida og mattradisjonane er ein viktig del av boka. Eit utval av oppskriftene som mora brukte er samla bak i boka. Der det ikkje finst noka oppskrift, er framgangsmåten til tradisjonsrettane omtala der det er naturleg i teksten.






Kr 298,00

Legg i handlekorg