Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

Reisa til Moskva

Historia om Torolv Solheim





Redaktør/forfattar: Losnegård, Gaute

ISBN: 9788282401746

Utgitt: 2021

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Stivbind

Sidetal: 208

Mål/vekt: 15 x 22,5 cm

Facebook Twitter


Torolv Solheim (1907-1995) var ein av grunnleggjarane av Sosialistisk Folkeparti (seinare SV), og partileiar 1969-1971. Men Solheim var så mykje meir: motstandsmann, skulemann og målmann, kulturradikalar, NATO-motstandar og distriktsforkjempar, stril, redaktør og åndhøvding.

Solheim var fødd og oppvaksen på Radøy i Nordhordland, og budde gjennom livet både i Oslo, Bergen, Stongfjorden, Risør og Brevik. Under krigen dreiv han illegalt motstandsarbeid i Nordhordland. Etter krigen arbeidde han for samvirketiltak i fiskerinæringa, var direktør for eit skipsverft, redaktør av tidsskriftet Fossegrimen og lærar på realskule og gymnas. Politisk var han innom NKP og Arbeidarpartiet, før han vart partistiftar og partileiar i SF.

I 1952 - midt under den kaldaste krigen - mens han var direktør for Stongfjordanleggene i Sunnfjord, reiste han ein tur til Moskva. Dette fekk store følgjer både for bygda Stongfjorden og Torolv Solheim med familie.

Denne boka fortel historia om Torolv Solheim, ein fargerik, engasjert og meiningssterk deltakar i norsk politikk og samfunnsliv på 1900-talet.

Kjem for sal 10. november 2021




Kr 398,00

Legg i handlekorg