Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 298,-   Sjå vilkår

Selja

Sankta Sunniva og heilagøya





Redaktør/forfattar: Djupedal, Torkjell

ISBN: 9788282401715

Utgitt: 2021

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Mjukbind med klaff

Sidetal: 112

Mål/vekt: 17 x 27 cm

Serie: Selja Reise & Kultur

Facebook Twitter


Skottland har Iona, England har Lindisfarne og Frankrike har Mont St. Michel. Noreg har heilagøya Selja. På den vesle øya ved Stad ligg det største ruinanlegget i landet, i eit makelaust landskap. Klostertårnet står att i full høgde, og oppe i fjellsida ligg store terrassar framfor heilagstaden Sunnivahola.

Selja vart i år 996 det første pilegrimsmålet i landet, då kong Olav Tryggvason fann relikviar i hola. Kring 1068 vart Selja bispesete for heile Vestlandet. På slutten av 1000-talet fekk Selja kanskje det første kloster i landet. Gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar til Selja for å ære Sankta Sunniva og Seljumennene.

Sankta Sunniva er den første norske helgen, den einaste kvinnelege, og ho utgjer saman med Sankt Olav det kongelege, norske helgenparet.

Ingen kjem til Selja utan å undre seg. Og ingen reiser derifrå urørd.






Kr 198,00

Legg i handlekorg