Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

"Sunnfjord" og "Sognefjord"

Ruteskipa som batt saman Bergen og Sogn og Fjordane





Redaktør/forfattar: Torvanger, Magnus Helge

ISBN: 9788282401654

Utgitt: 2020

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 144

Mål/vekt: 22 x 28 cm / 950 g

Facebook Twitter


Ruteskipa «Sunnfjord» og «Sognefjord» har ein sentral plass i samferdslehistoria på Vestlandet. I etterkrigsåra var dei hovudsambandet mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Dei hadde ei fortid som ubåtjagarar under krigen, før dei vart ombygde til passasjerskip. «Sunnfjord» opplevde fleire dramatiske hendingar også i fredstid, før skipet forliste i 1983. «Sognefjord» segla meir fredeleg som ruteskip fram til 1982. Sidan har skipet hatt eit svært omskifteleg liv; frå losjiskip på Svalbard under filminga av Orions belte til dykkarskip i Malaysia.

Boka fortel historia om desse to skipa, frå dei vart bygde i Chicago i 1943, ombygde i Haugesund etter krigen og om åra i rutefart for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Vi følgjer «Sognefjord» vidare til Svalbard og Island, Austersjøen og Middelhavet, og til Borneo, der fartøyet framleis flyt. Rikt illustrert med profesjonelle og private foto og teikningar.






Kr 428,00

Legg i handlekorg