Vis meny
Fraktfritt ved kjøp for minst kr 398,-   Sjå vilkår

Dropar av sol




Redaktør/forfattar: Fure, Ingeborg Sol

ISBN: 9788282401661

Utgitt: 2020

Målform/språk: Nynorsk

Innbinding: Innbunden

Sidetal: 120

Mål/vekt: 15 x 21 cm

Facebook Twitter


Kanskje ho denne septemberdagen
for ein gongs skuld
ikkje er for seint ute
til ei lita sommarforelsking 

Ingeborg Sol Fure har i periodar av livet hatt det tungt og vanskeleg, men har lært seg å snu motgang til medgang. Ho viser i denne boka kor viktig det er å finne lyspunkt i det som er mørkt, forsterke det som er positivt, og ta ut si indre gudinne på ein fjelltopp når det passar seg slik. Drite i jantelova, vere optimist, bryte grenser og ha trua på at alt er mogeleg.

Lukke for henne er å oppleve frydefulle augneblinkar som motvekt til det som er mørkt og trist. Å ta med seg ein kjole på ein fjelltur for å komponere eit bilete til ein melankolsk tekst, endar ofte i latterkrampe og positive opplevingar.

Dei personlege dikta og historiene i denne boka handlar om nettopp dette: Å gå inn i heile spekteret av kjensler og vere eit heilt menneske på godt og vondt - og ikkje vere redd for å vise det.






Ordinær: Kr 298,00
Kr 98,00

Legg i handlekorg